Er du bilførar eller passasjer og har særlege problemer med å bevege deg over lange strekningar, kan du søkje om parkeringsløyve for rørslehemma.
Det er ikkje nok å peike på ein sjukdomtilstand som avgrensar rørsleevna. I tillegg du må også grunngje kvifor det vanlege parkeringstilbodet på eit eller fleire konkrete stader ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje behovet ditt. Problem med å bere er i seg sjølve ikkje god nok årsak til å få parkeringsløyve. Parkeringsløyvet er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning.
Løyvet har form av eit personleg parkeringskort som gir deg rett til parkering på merka parkeringsplassar.
• Kortet gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med forsida godt synleg.
• Kortet gjeld også i heile Europa, men da etter reglane til kvart land.
• Løyvet gjeld vanlegvis for 2-5 år.
Forskrift om parkering for forflytningshemma