Løyvesøknad
Ynskjer du å servere alkoholhaldig drikke i lukka selskap, må du søkje kommunen om såkalla ambulerande skjenkeløyve. Selskapet kan ikkje vere ope for utanforståande, det vil seie at gjestane ikkje kan vere inviterte gjennom annonsar, plakatar eller sosiale medium. I slike tilfelle må du i staden søkje om skjenkeløyve for eit ope arrangement.
Sjølv om du ikke tar betalt for drikken, er det løyveplikt for skjenking av alkohol på følgjande stader:
- serveringsstader
- lokale som vanlegvis er tilgjengelege for alle
- forsamlingslokale og andre felleslokale
- stader der offentlege møte, festar, utstillingar eller anna finn stad
- gate, torg, veg, park eller andre offentlege plassar
- transportmiddel som vanlegvis er tilgjengelege for alle
Du treng ikkje å søkje for:
- Private selskap (t.d. bryllaup, jubileum og konfirmasjon) i eit lokale du leiger eller låner som privatperson. Det er ein føresetnad at selskapet er lukka, at det ikkje blir tatt betalt for alkoholen og at du sjølv står for innkjøp og servering av mat og drikke.
- Bedriftsarrangement for eigne tilsette i eigne lokale når det ikkje blir tatt betalt for drikke.
- Privat selskap/arrangement der eigar/leigar/drivar/tilsett av eit offentleg lokale brukar det til eigen bruk og serverer alkohol, under føresetnad av at det ikkje blir tatt betalt for drikke.
Søknadsfrist
Minimum ei veke før selskapet skal arrangerast.